FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Tilskotsmidlar frå Stryn kommune!

Stryn kommune v/ kulturavdelinga opnar no for søknadar om kulturmidlar for 2023. Søknadsfristen for alle kategoriar er 15. mars.

Målet med kulturmidlane er:

•    Ei ålmenn opprioritering av kulturarbeidet i kommunen

•    Å stimulere utviklinga av eit variert og aktivt miljø

•    Å skape aktivitetar og tiltak i heile kommunen. 

Det er fire kategoriar for søknad om kulturmidlar: Ordinære kulturmidlar/driftstilskot, særskilde tiltak, tilskot til lokale kulturbygg og tilskot til aktivitet for ungdom.


Ordinære kulturmidlar/driftstilskot
Du kan søkje om kommunal støtte til drift av laget. For å kunne søkje må laget ha eit styre, betalande medlemmar og føre eige rekneskap. Søkjer du både om driftsstøtte og om støtte til eit særskilt tiltak må du fylle ut eit skjema for kvart føremål. Hovudlaget skal stå som søkjar (ikkje grupper e. l. i laget). Les retningsliner for kulturmidlar under for meir informasjon.

Særskilde tiltak
Du kan søkje tilskot til gjennomføring av eit særskilt tiltak som ikkje kjem innunder vanleg lagsrutine og som ikkje kjem innunder retningsliner for driftstilskot. Ønskjer du å søkje tilskot til fleire tiltak, må du fylle ut eit skjema for kvart tiltak. Det same gjeld om du vil søkje både om driftstilskot og om støtte til eit særskilt tiltak. Det er krav om budsjett og finansieringsplan. Skule- og kulturavdelinga må innan 1. desember få melding om at tiltaket er gjennomført.

Tilskot til lokale kulturbygg
Du kan søkje tilskot til vedlikehald og restaurering av bygningar, grendahus og lokale som vert nytta til kulturaktivitet. Det blir sett som eit krav at verneverdige bygningar blir restaurert etter antikvariske retningsliner.
Søkjarar som treng kommunale midlar for å kome i posisjon til å løyse ut statlege tilskot til kulturbygg/lokale vert prioritert.
Du må søkje om tilskot til arbeidet før dette er sett i gong. Eventuelt tilskot skal utbetalast det året tilskotet vert gjeve. Skule- og kulturavdelinga må innan 1. desember få melding om at arbeidet er starta opp/sluttført.

Tilskot til aktivitet for ungdom
Du kan søkje tilskot til ungdomsaktivitet. Aktiviteten må vere i Stryn kommune og ha ungdomsmedverknad. Aktiviteten kan vere nystarta eller ei vidareføring av allereie etablert aktivitet. Søknaden skal fyllast ut på eige skjema og det skal leggjast ved eit budsjett med finansieringsplan. Stryn ungdomsråd er høyringsinstans til desse midlane.

Ved spørsmål om kulturmidlar, ta kontakt med Maria Ulvedal på kulturavdelinga 

Her er lenker til alle ordningane:


Kulturmidlar: Ordinære kulturmidlar/driftstilskot

Kulturmidlar: Særskilde tiltak

Kulturmidlar: Tilskot til lokale kulturbygg

Kulturmidlar: Tilskot til aktivitet for ungdom
 
Retningsliner for kulturmidlar (PDF, 163 kB)

Flere dokumenter

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal