FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Søk om midlar frå SFE innan 15.august

Lag og organisasjonar i fylket kan søke Sogn og Fjordane Energi om sponsormidlar til samfunnsnyttige tiltak som aukar bulyst og glede for allmennheita.

Kvart år mottek SFE langt fleire søknader om sponsormidlar enn vi har høve til å imøtekome. Vi prøver å finne ein best mogleg balanse mellom ulike regionar og ulike føremål, og spesielt ser vi etter følgjande i prosjekta vi støttar:

  • Føremålet skal vere inkluderande og engasjere så mange som mogleg i lokalsamfunnet eller regionen
  • Søkjar skal ha ein ordna økonomi og eit tydeleg føremål med aktiviteten
  • Samarbeidet med SFE skal synleggjerast så langt det fell seg naturleg

Vi støttar ikkje:

  • Føremål som er i strid med våre grunnleggjande verdiar eller etiske retningslinjer
  • Politiske organisasjonar eller aktivitetar
  • Kommersielle organisasjonar eller aktivitetar
  • Skuletur/russegrupper
  • Renovasjon av bygningar

Som regel støttar vi heller ikkje enkeltpersonar/-utøvarar – berre der støtta går gjennom ein klubb/lag, og der ein i samråd med klubben/laget vél å knyte samarbeidet til éin eller fleire enkeltutøvarar. 

Søknadsfristar:

  • 15. april
  • 15. august
  • 15. november

Om vi endrar søknadsfristane gjer vi det i god tid, så vi oppmodar om å sjekke denne sida for endringar så snart du veit at du har eit formål du ønskjer støtte til.


Søk her

Flere dokumenter

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal