FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Språkrådet samlar inn stadsnamn

Språkrådet lyser ut tilskot til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 1. mai 2023.

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn. Innsamling og registrering skal samordnast, slik at namna kan bli tilgjengelege for flest mogleg. Det materialet som blir samla inn, skal derfor leggjast inn i ein nasjonal namnebase som er under utvikling. Gjennom dette verktøyet kan namna leggjast direkte inn på elektroniske kart. Dei som registrerer og samlar inn stadnamn, skal kunne leggje inn opplysningar knytte til namnet, inkludert lydfiler med uttaleopplysningar og bilde av staden. Det blir lagt opp til at fagpersonar i ettertid skal kunne kvalitetssikre data og leggje til opplysningar, til dømes om den språklege tydinga av namna. Namnebasen skal kunne brukast både i vitskapleg samanheng og til å auke kunnskapen om stadnamn som immaterielle kulturminne.

Kven kan søkje?

Lokale aktørar (fylkeskommunale, kommunale eller private) som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar.

Kva blir det ikkje gitt tilskott til?

Det er utvikla eit registreringsverktøy som skal brukast i innsamlingsarbeidet. Det vil derfor ikkje bli gitt støtte til utvikling av andre tekniske løysingar, til dømes databasar eller nettsider.

Kor mykje kan det søkjast om?

Kor store tilskotta er, vil variere med storleiken på prosjektet, men i dei fleste tilfella vil det vere tale om mellom 50 000 og 200 000 kroner. Språkrådet vil understreke at tilskottet aleine ikkje vil kunne fullfinansiere kvart av innsamlingsprosjekta. Innsamling og registrering av stadnamn er i høg grad avhengig av frivillig arbeid. Derfor er det òg ønskjeleg at tilskottsmottakarane samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet. Vi oppmodar òg kommunar, fylkeskommunar og andre lokale og regionale samarbeidspartnerar til å skyte inn eigne midlar for å stimulere til auka effektivitet.

Midlane skal utbetalast i dette budsjettåret (2023).

Les meir og søk

Flere dokumenter

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal