Gåvemidlar- søk Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen vår om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og skal fremje våre verdiar; mangfald, trivsel og utvikling."Kor mykje skal vi søkje om?”
Dette er ofte det første spørsmålet vi får frå lag og organisasjonar – men ikkje lett å svare heilt konkret på. Sparebankstiftinga ønskjer generelt å bidra inn i gode spleiselag. I det ligg det at det er sjeldan Sparebankstiftinga stiller med alle naudsynte midlar; vi ønskjer at alle involverte partar yter etter evne ut frå dei ressursane ein har tilgang til.
Oppfyller du vilkåra for å søkje, kan du gå rett til søknadsportalen
Her finn du skjema for Forenkla søknad (om inntil 30.000 kroner; fortløpande handsaming), og ein måned før kvar søknadsfrist opnar vi skjema for Ordinære søknadar (søknadsfristar 1. mars og 1. september) samt Furorestipend (søknadsfrist 15. juni) og Inkluderingsfondet (søknadsfrist 20. april).