Noregs enklaste tilskotsordning for barn og unge- Frifond
Frifond støttar dei som vil gjere noko kjekt der dokke bur!Du kan søke om støtte til nesten det du vil – så lenge det er ein aktivitet i nærleiken av der du bur.
- Frifond musikk gjer støtte til band, kor og sanggrupper.
- Frifond teater gjer støtte til teater, nysirkus og revy.
- Frifond barn og unge gjer støtte til andre prosjekt for, med og av barn og unge sjølv.
Husk at:
- Dokke må bruke pengane på å gjere noko i nærleiken av der dokke bur. Det betyr at de ikkje kan få pengar til å reise til ein annan by eller eit anna land.
- Dokke må lage aktiviteten sjølv. For eksempel lage ein festival, sette opp ei teaterforestilling eller ein konsert, men dokke kan ikkje betale nokon for å gjere det for dokke.
- Dokke kan ikkje bruke pengane på å kjøpe dyrt utstyr, som kamera, lyd- og lysutstyr. Frifond-pengar kan brukast på å leige den typen utstyr. Unntaket er støtte frå Frifond musikk, som blant anna kan brukast til å kjøpe instrument.
For å kunne søke om støtte må de vere minst tre personar og 1/3 må være under 26 år.
I tillegg må aktiviteten vere basert på frivillig innsats, altså kan dokke ikkje få lønn for den jobben dokkr gjer med prosjektet. Aktiviteten eller prosjektet kan heller ikkje vere i skulesamanheng.
Så mykje penger kan de få frå:
Frifond musikk
- Band: 6000 kroner
- Større grupper: 10.000 kroner
- Festival eller konsert: 35.000 kroner
Frifond teater
- Teater- eller danseforestilling: 40.000 kroner
- Kurs: 10.000 kroner
Frifond barn og unge
- Opp til 35.000 kroner
Les meir her: https://www.frifond.no/
Del på:
-
Frist 15. juni- Sparebanken Vest
Har du et prosjekt som venter på å bli realisert? Både lag og organisasjoner kan søke om prosjektmidler til gode formål – innen for eksempel kultur, sosialt ansvar, utdanning og tiltak som bidrar til levende lokalsamfunn.
-
Frist 15. mai! Søk midlar frå Solofondet!
Søknadsskjemaet opna 4. april. Alle mellom 16 og 25 år kan søke
-
Lag og organisasjonar kan no søke tilskot til integrering av flyktningar frå Ukraina
Frivillige organisasjonea kan få stønad frå IMDi til prosjekt, enkelttiltak eller aktivitetar som bidreg til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant barn, unge og vaksne som kjem til Noreg!
-
Lokaltransport for ungdom (LTU)
Store avstandar og manglande bussruter kan vere ei hindring for deltaking på fritidsaktivitetar. Er du ungdom eller arrangør av ein aktivitet, og veit at det er behov for skyss?
-
Noregs enklaste tilskotsordning for barn og unge- Frifond
Frifond støttar dei som vil gjere noko kjekt der dokke bur!
-
Tilskot til lokale grendahus
Huset i Bygda! Her kan lokale grendahus søkje om pengar til bygningsmessige tiltak til organisasjonseigde hus.