FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Tilskotsmidlar frå Stryn kommune!

Stryn kommune v/ kulturavdelinga opnar no for søknadar om kulturmidlar for 2023. Søknadsfristen for alle kategoriar er 15. mars.

Målet med kulturmidlane er:

•    Ei ålmenn opprioritering av kulturarbeidet i kommunen

•    Å stimulere utviklinga av eit variert og aktivt miljø

•    Å skape aktivitetar og tiltak i heile kommunen. 

Det er fire kategoriar for søknad om kulturmidlar: Ordinære kulturmidlar/driftstilskot, særskilde tiltak, tilskot til lokale kulturbygg og tilskot til aktivitet for ungdom.


Ordinære kulturmidlar/driftstilskot
Du kan søkje om kommunal støtte til drift av laget. For å kunne søkje må laget ha eit styre, betalande medlemmar og føre eige rekneskap. Søkjer du både om driftsstøtte og om støtte til eit særskilt tiltak må du fylle ut eit skjema for kvart føremål. Hovudlaget skal stå som søkjar (ikkje grupper e. l. i laget). Les retningsliner for kulturmidlar under for meir informasjon.

Særskilde tiltak
Du kan søkje tilskot til gjennomføring av eit særskilt tiltak som ikkje kjem innunder vanleg lagsrutine og som ikkje kjem innunder retningsliner for driftstilskot. Ønskjer du å søkje tilskot til fleire tiltak, må du fylle ut eit skjema for kvart tiltak. Det same gjeld om du vil søkje både om driftstilskot og om støtte til eit særskilt tiltak. Det er krav om budsjett og finansieringsplan. Skule- og kulturavdelinga må innan 1. desember få melding om at tiltaket er gjennomført.

Tilskot til lokale kulturbygg
Du kan søkje tilskot til vedlikehald og restaurering av bygningar, grendahus og lokale som vert nytta til kulturaktivitet. Det blir sett som eit krav at verneverdige bygningar blir restaurert etter antikvariske retningsliner.
Søkjarar som treng kommunale midlar for å kome i posisjon til å løyse ut statlege tilskot til kulturbygg/lokale vert prioritert.
Du må søkje om tilskot til arbeidet før dette er sett i gong. Eventuelt tilskot skal utbetalast det året tilskotet vert gjeve. Skule- og kulturavdelinga må innan 1. desember få melding om at arbeidet er starta opp/sluttført.

Tilskot til aktivitet for ungdom
Du kan søkje tilskot til ungdomsaktivitet. Aktiviteten må vere i Stryn kommune og ha ungdomsmedverknad. Aktiviteten kan vere nystarta eller ei vidareføring av allereie etablert aktivitet. Søknaden skal fyllast ut på eige skjema og det skal leggjast ved eit budsjett med finansieringsplan. Stryn ungdomsråd er høyringsinstans til desse midlane.

Ved spørsmål om kulturmidlar, ta kontakt med Maria Ulvedal på kulturavdelinga 

Her er lenker til alle ordningane:


Kulturmidlar: Ordinære kulturmidlar/driftstilskot

Kulturmidlar: Særskilde tiltak

Kulturmidlar: Tilskot til lokale kulturbygg

Kulturmidlar: Tilskot til aktivitet for ungdom
 
Retningsliner for kulturmidlar (PDF, 163 kB)

Flere dokumenter

Statsskogfondet- Ein million gode grunnar til å bruke norsk natur

Søk statsskogmillionen! Søknadsfrist 31. august!

Fleire søknadsfristar 1.oktober!

Er du frivillig og jobbar for barn og unge, eller lokalsamfunnet ditt?

Frist: 15. september: Kulturmidlar, særskilte tiltak!

Søknadsfrist for særskilde kulturtiltak er 15. september.

Gjensidigestiftinga- Aktiv fritid for alle 2023

Lag og foreiningar som vil gjere ein innsats for å inkludere fleire i organiserte fritidsaktivitetar der dei bur, kan no søke om stønad! Gjensidigestiftinga ønskjer spesielt å støtte tiltak for å rekruttere fleire frivillege til organiserte fritidsaktivitetar, dette er naudsynt for å tilby mangfold og utvikling av tilboda. Frist for tilskotet er 01.september!

Gåvemidlar- søk Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen vår om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og skal fremje våre verdiar; mangfald, trivsel og utvikling.

Hjartebank- Sparebanken Vest

En konsertturné med millioner i bagasjen!

Kunst, kultur og idrett- søk om driftstilskot

Vestland fylkeskommune gir tilskot til drift av organisasjonar og institusjonar som har ein sterk og tydeleg verdi for kultur- og idrettsfeltet i heile eller store deler av Vestland fylke. Søknadsfrist for driftsstøtte i 2024 er 15. mars.

Lokaltransport for ungdom (LTU)

Store avstandar og manglande bussruter kan vere ei hindring for deltaking på fritidsaktivitetar. Er du ungdom eller arrangør av ein aktivitet, og veit at det er behov for skyss?

Mangfald og inkludering- søk om midlar her!

Mangfald- og inkluderingsstøtta er ei støtteordning for barn og unge som ønskjer å utvikle prosjekt som set fokus på mangfald, haldningar og deltaking.

Midlar til symjeopplæring

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje om tilskot for 2022.

Momskompenasjon korforbund

Søknadsfristen er rundt 20. august hvert år.

Noregs enklaste tilskotsordning for barn og unge- Frifond

Frifond støttar dei som vil gjere noko kjekt der dokke bur!

Noregs Ungdomslag: Momskompensasjon

Lokal- og fylkeslag i Norges Ungdomslag kan søke om momskompensasjon for å kompenserer for kostnader som er brukt på merverdiavgift ved kjøp av varer og tjenester.

Organisasjonar kan søke Helle Bennetts Almennyttige Fond

Organisasjoner og grupper kan søke Helle Bennetts Allmennyttige Fond om midler til tiltak og prosjekter rettet mot omsorg for døende og kronisk syke, behandling og ettervern av rusmisbrukere, integreringstiltak og psykisk utviklingshemmede. Søknader kan sendes fortløpende og behandles fire ganger i året i forbindelse med styremøte

Sparebanken Vest

Har du et prosjekt som venter på å bli realisert? Både lag og organisasjoner kan søke om prosjektmidler til gode formål – innen for eksempel kultur, sosialt ansvar, utdanning og tiltak som bidrar til levende lokalsamfunn.

Språkrådet samlar inn stadsnamn

Språkrådet lyser ut tilskot til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 1. mai 2023.

Søk midlar frå Solofondet!

Alle mellom 16 og 25 år kan søke

Søk midlar frå Stryn Ping Pong Club!

Stryn Ping Pong Club deler kvart år ut midlar til gode formål. Midlane kjem frå overskot frå Oktoberfesten, samt andre arrangement SPPC står bak. Søk innan 1. mars!

Søk om draktsett til laget ditt

På draktkampanjen.no kan du søke om draktsett til ditt lag!

Søk om midlar frå SFE innan 15.august

Lag og organisasjonar i fylket kan søke Sogn og Fjordane Energi om sponsormidlar til samfunnsnyttige tiltak som aukar bulyst og glede for allmennheita.

Søk om støtte til friluftsliv, fysisk aktiviet, inkludering og mangfald!

I februar og mars har Vestland fylkeskommune fleire søknadsfristar for tilskot om tiltak innan friluftsliv og fysisk aktivitet, inkludering, mangfald, kunst og idrett.

Søk om tilskot til mangfalds- og inkluderingstiltak til idrett og fysisk aktivitet

Det er opna for ny søknadsrunde i tilskotsordninga til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet. Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.

Tilskot frå ungdom og fritid-- 01.06.23

Ungdom og Fritid delar kvart år ut over 10 millionar kroner til våre medlemma. Pengane går til ungdommen sine lokale aktivitetar.

Tilskot til integrering av flyktningar frå Ukraina (20.mai)

Frivillige organisasjonea kan få stønad frå IMDi til prosjekt, enkelttiltak eller aktivitetar som bidreg til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant barn, unge og vaksne som kjem til Noreg!

Tilskot til lokale grendahus

Huset i Bygda! Her kan lokale grendahus søkje om pengar til bygningsmessige tiltak til organisasjonseigde hus.

Tilskot: 100.000 til ungdomsaktivitet i Stryn kommune

Stryn ungdomsråd lyser ut 100.000 kr som skal gå til aktivitet til ungdom mellom 13-19 år i Stryn kommune! Søknaden må vere utforma AV eller MED ein ungdom. Det vert oppfordra til samarbeid med frivillege lag, organisasjonar eller andre aktørar. Midlane kan gå til å styrke ein eksisterande aktivitet, eller til noko heilt nytt!

Tilskotsbonanza!

Vi har samla ein haug av tilskotsordningar som DITT lag eller foreining kan søke på! Men følg med, nokre av fristane er rett rundt hjørnet

Tilskotsmidlar frå Stryn kommune!

Stryn kommune v/ kulturavdelinga opnar no for søknadar om kulturmidlar for 2023. Søknadsfristen for alle kategoriar er 15. mars.

Tilskotsordningar september!

Sjekk ut lista over fleire tilskotsordningar med frist rett rundt hjørnet:

Trafikktrygginsmidlar til aktivitetar og prosjekt som fremmar trafikksikker åtferd!

Vestland Fylkeskommune lyser ut tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

Vil du skape gode sommarminner for born?

Lag og foreiningar som vil tilby sommeraktivitetar for barn og unge kan søke om stønad frå Gjensidigestiftinga. Det er også mogleg å få stønad til sommarjobber som inneber at ungdom planlegg og gjennomføre aktivitet for barn og andre ungdom. Gjensidigestiftinga har frist 01. mars!

Zuccarellostiftelsen: Keep me playing

Både enkeltpersoner og idrettslag og klubber kan søke støtte for å halde barn og unge i aktivitet! Frist er 15.mai 2023!

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2023 © Foreningsportal