FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Kunst, kultur og idrett- søk om driftstilskot

Vestland fylkeskommune gir tilskot til drift av organisasjonar og institusjonar som har ein sterk og tydeleg verdi for kultur- og idrettsfeltet i heile eller store deler av Vestland fylke. Søknadsfrist for driftsstøtte i 2024 er 15. mars.

Driftstilskotet skal vere med på å sikre føreseielege driftsrammer for etablerte verksemder som har kontinuerleg aktivitet, høgt kvalitets- og kompetansenivå, langsiktige mål og betydning ut over lokale nedslagsfelt. Dei som får driftstilskot er ideelle verksemder med eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv, med sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi og hovudaktivitet i Vestland fylke.

Tilskotsordninga gjeld driftsåret 2024, og tildelingane vert avgjort som del av den politiske budsjettprosessen for 2024.

Sjå meir, og søk her

Flere dokumenter

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal