-
A No kan du søke om kulturmidlar
Stryn kommune lyser ut kulturmidlar med søknadsfrist 15.mars!
A No kan du søke om kulturmidlar
Stryn kommune lyser ut kulturmidlar med søknadsfrist 15.mars!Det er fire kategoriar for søknad om kulturmidlar. Les meir om kvar enkelt kategori lenger nede i teksten. Alle kategoriane har frist 15. mars. Særskilde tiltak har også frist 15. september.
- Ordinære kulturmidlar/driftstilskot
- Særskilde tiltak
- Tilskot til lokale kulturbygg
- Tilskot til aktivitet for ungdom
Krav til mottakarar av tilskot
For å få kommunale kulturmidlar, må alle mottakarar følgje desse krava:
- Registrering av arrangement i iStryn
Alle arrangement, aktivitetar og tiltak som får støtte frå Stryn kommune skal leggjast inn i den felles kommunale kalenderen iStryn.
Dette er ein del av rapporteringsplikta og er med på å sikre god synlegheit og informasjon til innbyggarane. - Oppdatere styreleiar i iStryn
Mottakarar av kulturmidlar skal også halde organisasjonsinformasjonen i iStryn oppdatert. Ny styreleiar skal registrerast så snart endringa skjer.
Manglande registrering kan påverke framtidig tildeling av midlar.
Mål med kulturmidlane
- å styrke kulturarbeidet i kommunen
- å stimulere til eit variert og aktivt kulturmiljø
- å skape aktivitet og tiltak i heile kommunen
1. Ordinære kulturmidlar / driftstilskot
Du kan søkje støtte til den daglege drifta av laget ditt.
For å søkje må laget:
- ha eit valt styre
- ha betalande medlemmar
- føre eige rekneskap
Dersom du søkjer både driftstilskot og støtte til særskilt tiltak, må du sende inn eitt skjema for kvar søknad. Hovudlaget skal stå som søkjar.
2. Særskilde tiltak
Du kan søkje støtte til tiltak som ikkje er ein del av vanleg drift. Døme:
- konsertar
- kulturdagar
- utstillingar
- bokutgjeving
- andre kulturarrangement som er verdifulle for lokalmiljøet
Krav:
- eige søknadsskjema for kvart tiltak
- budsjett og finansieringsplan
- kommunen skal ha melding innan 1. desember om at tiltaket er starta eller gjennomført
3. Tilskot til lokale kulturbygg
Du kan søkje tilskot til vedlikehald og restaurering av grendahus, kulturbygg eller andre lokale brukt til kulturaktivitet.
Merk:
- Verneverdige bygg må restaurerast etter antikvariske retningsliner
- Søknader som gjer at du kan få statleg tilskot blir prioriterte
- Du må søkje før arbeidet startar
- Tiltak det blir gjeve tilskot til, skal rapporterast innan 1. desember
4. Tilskot til aktivitet for ungdom
Du kan søkje støtte til aktivitetar for ungdom i Stryn kommune. Aktiviteten må:
- vere for og/eller med ungdom
- ha ungdomsmedverknad
- vere ny eller ei vidareføring av eksisterande aktivitet
Krav:
- eige søknadsskjema
- budsjett og finansieringsplan
Stryn ungdomsråd er høyringsinstans
Oppstartstilskot
Du kan søkje om midlar til oppstart av nye organisasjonar eller aktivitetar.
Krav:
- laget må ha betalande medlemmar og valt styre
- tilskot kan berre tildelast éin gong
- inntil kr 5 000
- søknadsfrist 15. mars og 15. september
Ved spørsmål om kulturmidlar, ta kontakt med avdelingsleiar for kultur.