-
A No kan du søke om kulturmidlar
Stryn kommune lyser ut kulturmidlar med søknadsfrist 15.mars!
Søk midlar frå Tussa! Frist 15.januar
Tussa samarbeidar med idrettslag, skisenter, festivalar, kor, korps og ei rekkje andre frivillige organisasjonar, for at bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøkje.Kvart år mottek om lag 200 lokale lag og organisasjonar sponsormidlar frå Tussa. Sponsormidlane blir fordelte etter prinsippet om å gi litt til mange, i staden for å vere hovudsponsor for nokre få.
Desse støttar vi:
- Hovudsakleg frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet for barn og ungdom
- Aktiviteten må gå føre seg i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stryn og/eller Stranda
- Aktiviteten skal treffe mange
- Tiltak som legg vekt på miljø og berekraft vil bli prioriterte
Vi støttar ikkje:
- Bygging eller oppussing av bygg eller andre anlegg, til dømes kunstgrasbaner, idrettshallar eller turvegar
- Enkeltpersonar og enkeltpersonar sine prosjekt
- Aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar
- Religiøse eller politiske organisasjonar
- Skuleturar/studiereiser
Søknadsfrist for sponsormidlar i 2024 er 15. januar 2024.
Tildeling av midlar er i februar/mars 2024.
Del på:
Annen informasjon