-
Aktiv fritid for alle 2024! Tilskot frå Gjensidigestiftinga
Å delta i fritidsaktivitetar og vere ilag andre, bidreg til god livskvalitet for alle. Det er likevel mange som ikkje deltek i fritidstilbod, enten fordi dei ikkje kjenner til tilboda som fins, tilbodet er for dyrt eller at det ikkje er godt nok tilrettelagt. Nokre finn heller ikkje tilbod dei har lyst til å delta på.
Kulturmidlar, særskilte tiltak, frist 15. september
Søknadsfrist for særskilde kulturtiltak er 15. september.Det kan gjevast tilskot til særskilde tiltak som t.d. konsertar, kulturdagar, utstillingar, særskilde kulturkveldar, tiltak for særskilde grupper, bokutgjevingar, eller andre tiltak som vert sett på som verdfulle for det lokale kulturliv.
Det må gå tydeleg fram av søknaden at tiltaket er rekna som særskild, dvs. at det ikkje høyrer med til vanleg lagsrutine, eller at ein ikkje kjem innunder retningslinene for driftstilskot.
Det skal nyttast eige elektronisk skjema, med utarbeidd budsjett, som viser finansieringplan for tiltaket.
Del på:
Annen informasjon