-
Aktiv fritid for alle 2024! Tilskot frå Gjensidigestiftinga
Å delta i fritidsaktivitetar og vere ilag andre, bidreg til god livskvalitet for alle. Det er likevel mange som ikkje deltek i fritidstilbod, enten fordi dei ikkje kjenner til tilboda som fins, tilbodet er for dyrt eller at det ikkje er godt nok tilrettelagt. Nokre finn heller ikkje tilbod dei har lyst til å delta på.
Søk om tilskot til mangfalds- og inkluderingstiltak til idrett og fysisk aktivitet
Det er opna for ny søknadsrunde i tilskotsordninga til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet. Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.Fristen for å søkje på ordninga er 16. februar 2023 kl. 13.00.
Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkje tilskot. Ordninga gjeld både organisert idrett, eigen-organisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.
Dette er målgruppene for ordninga:
• Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt
• Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særlege barrierer
• Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa
• Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller personar som har funksjonsnedsetjing eller minoritetsbakgrunn
LES MEIR OG SØK her
Del på:
Annen informasjon