FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Midlar til symjeopplæring

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje om tilskot for 2022.

Statsforvaltaren i Vestland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn i barnehagar. Statsforvaltaren har fått tildelt kr. 8 469 000 som skal nyttast til formålet. Ein kan søkje om inntil kr 1 950,- pr. barn, for eitt kalenderår om gongen.

Mål for opplæringa

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid, og skal i hovudsak skje i basseng. Midlane kan også brukast til å dekke transportutgifter til og frå symjehall.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillige organisasjonar må sjølve dekkje kostnader ut over tilskotet.

Meir informasjon her


Annen informasjon

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal