FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Lokaltransport for ungdom (LTU)

Store avstandar og manglande bussruter kan vere ei hindring for deltaking på fritidsaktivitetar. Er du ungdom eller arrangør av ein aktivitet, og veit at det er behov for skyss?

Lokaltransport for ungdom er eit tilbod som kommunane, i samarbeid med ungdom i kommunen, søkjer på. Kommunane nyttar midlane ut frå ungdomane sitt transportbehov på ettermiddag og kveld. Tilbodet er primært retta mot ungdom mellom 13 og 19 år. 

Ordninga er meint for å tilby ungdom transport når det ikkje går ordinære bussruter. Det vert krevd ein liten eigenandel for skyssen. Fylkeskommunen føreset at det er ein viss oppslutnad for å setje opp buss, med minimum tre brukarar pr reise. 

Er du arrangør av ein aktivitet for ungdom? Eller er du ungdom og saknar skyss til ein aktivitet? Ta kontakt med jannike.sunde@stryn.kommune.no og meld frå om behovet!


Annen informasjon

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal