-
Aktiv fritid for alle 2024! Tilskot frå Gjensidigestiftinga
Å delta i fritidsaktivitetar og vere ilag andre, bidreg til god livskvalitet for alle. Det er likevel mange som ikkje deltek i fritidstilbod, enten fordi dei ikkje kjenner til tilboda som fins, tilbodet er for dyrt eller at det ikkje er godt nok tilrettelagt. Nokre finn heller ikkje tilbod dei har lyst til å delta på.
Tilskot til lokale grendahus
Huset i Bygda! Her kan lokale grendahus søkje om pengar til bygningsmessige tiltak til organisasjonseigde hus.Om søknadsordninga
Gåveordninga er avgrensa til lokale kulturhus i Sogn og Fjordane og skal gå til til bygningsmessige tiltak. Dvs. alle fysiske formar for tiltak på organisasjonseigde hus, som renovering av tak, veggar, vindauge, kjøkken, toalett, universell utforming osv.
For andre typar søknadar (aktivitets- og prosjektstøtte), må de søke Sparebankstiftinga. Informasjon og søknadsskjema finn de her: www.sparebankstiftinga.no/sok-om-midlar . Frist er normalt 1. mars og 1. september.
Det er to krav for å kunne søke
- Huset ikkje er eigd av offentlege institusjonar
- Huset er ope for allmenn aktivitet. Dvs. at privatpersonar og andre lag og organisasjonar har moglegheit til å nytte seg av huset.
Meir informasjon: https://www.husetibygda.no/
Del på:
Annen informasjon