-
Aktiv fritid for alle 2024! Tilskot frå Gjensidigestiftinga
Å delta i fritidsaktivitetar og vere ilag andre, bidreg til god livskvalitet for alle. Det er likevel mange som ikkje deltek i fritidstilbod, enten fordi dei ikkje kjenner til tilboda som fins, tilbodet er for dyrt eller at det ikkje er godt nok tilrettelagt. Nokre finn heller ikkje tilbod dei har lyst til å delta på.
Born i barnehagar kan få symjeopplæring! Søk tilskot hjå statsforvaltaren innen 21.august!
Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan no søkje om tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn.Målet med opplæringa, målgruppe og retningslinjer for bruk av tilskotet
Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gje barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn. Målet er å gje barna betre symjeferdigheiter.
Målgruppa er barn i barnehage i alderen 4-6 år.
Symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak føregå i basseng. Tilskotet kan òg brukast til å dekkje transport til og frå symjehall, eller til vikarutgifter for å kunne gjennomføre symjeopplæringa. Tilskotsmottakarane vel sjølv korleis opplæringa skal bli organisert og gjennomført. Tilskotet skal i sin heilskap bli brukt til aktivitetar relatert til symjeopplæring av barna.
Det er mogleg å søkje om inntil 2000 kroner per barn i 2024. Det kan berre søkjast om tilskot for eitt kalenderår om gongen.
Søknad og søknadsfrist
Kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar sender inn søknad til Statsforvalteren i eiget fylke. Søknaden må ikkje gå via kommunen eller ein frivillig organisasjon. Frivillige organisasjonar og barnehagar kan velje å sende søknad om tilskot direkte til statsforvaltaren.
Samarbeid mellom kommune og frivillige organisasjonar blir prioritert. Fleire kommunar kan òg samarbeide om å etablera eit opplæringstilbod.
Søknadsfristen er 21. august 2024.
Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2024 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av tilskotsmidlane.