Bli med oss å utvikle retninga for frivillegheita i Stryn!
Vi ser etter ein eller fleire personar som er engasjert i frivillegheita i kommunen!Om det er organisert eller uorganisert frivilleg arbeid er ikkje viktig, det som er viktig er at du har eit bankande hjarte for bygda di, og vil hjelpe oss å drive fram ein frivillegpolitikk for kommunen! Vi har fått med oss mange på laget, men manglar framleis nokon frå Olden og Markane. Er det deg vi ser etter? Kan du møte oss på måndag 15.mai kl 17 for meir informasjon? Ta kontakt!
Helsing Marit Skrede: post@frivilligstryn.no , Maria Ulvedal: maria.ulvedal@stryn.kommune.no , Jannike Sunde: jannike.sunde@stryn.kommune.no
Del på:
-
Vil du vere med å danne helselag i Stryn kommune?
Brenner du for gode møteplassar og god helse?
-
Stryn kommune lagar frivilligpolitikk, og treng DITT innspel!
Bli med på innspelsmøte 15.juni på Låven på Visnes
-
Fredag 12. mai kan du oppleve ei unik kulinarisk oppleving med mat frå 11 ulike nasjonar på Stryn vidaregåande skule!
-
Ramsløksesong, men kvar kan du plukke?
På Vestlandet, Sørvestlandet og Sørlandet er det rikeleg av ramsløken, men likevel kan ein ikkje plukke overalt. Er området freda er det forbode å plukke ramsløk på same måte som andre plantar og tre i fredningsområder.
-
Friluftsskular i Stryn kommune!
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.