-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Er du førebudd på å klare deg sjølv i ei krise?
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap skjerpar rådet om eigenberedskapEigenberedskap handlar om å vere førebudd på ulike kriser og situasjonar, til dømes at ein er ei periode utan straum, vatn, internett, mobiltelefon og liknande.
Vi lever i ei stadig meir uroleg verd – blant anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale trugslar. Sjølv om det meste fungerar som det skal i Noreg, må vi vere førebudd på at ekstremver, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.
DSB anbefaler at flest mogleg er budde på å klare seg sjølv i veke ved kriser. Det er fordi kommunar, naudetatar og frivillege organisasjonar må prioritere dei som ikkje klarer seg uten hjelp. Dette er ei auke frå tidlegare råd om at at ein skulle vere sjølvberga i 3 dagar. Det andre som er nytt med råda er at ein har inkludert meir detaljerte råd om å vere kjeldekritisk til mediar i krise, og om opphaldsstadar i krise. Digitalisering, elektrifisering og kunstig intelligens fører til mange moglegheiter, men også til nye sårbarheiter. Krisesituasjoner er uoversiktlege, og informasjonen du får påverkar vala du tar. Ved å vere kildekritisk kan du unngå å bli lurt av falske nyhender og bidra til å stoppe spreiing av feilinformasjon.
Sjekk også om det er tiltak du kan gjere for å halde deg trygg i ein storm eller flaumsituasjon, til dømes ved å ikkje ha høge tre, lause gjenstandar, eller om du kan førebu å leie vatn vekk frå huset.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Jonsokafta 24. juni
I 2025 er jonsok eller sankthansaftan på måndag 24.juni