-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Redd biene!
Biene er under press- korleis kan vi hjelpe biene?Redd biene – kampen mot varroa
Biene spelar ei avgjerande rolle i pollinering av både ville plantar og mange av matplantene våre. Dei er viktige for matproduksjonen og for naturmangfaldet. Men biene er utsett for fleire alvorlege trugslar!
Kva kan vi gjere?
Det viktigaste er at birøktarar overvaker og behandlar kubene sine jamleg. Nokre tiltak inkluderer:
Bruk av oksalsyre og maursyre for å redusere mengda midd.
Rotasjon og fornying av vokstavler for å hindre opphoping av smittestoff.
Bruk av bier som er avla for varroaresistens.
Fjerning av droneyngel, som midden føretrekk å formere seg
Kva er varroa?
Varroamidd (Varroa destructor) er ein parasitt som angrip honningbier. Den festar seg på biene og larvane deira, og svekkjer dei ved å suge blod (hemolymfe). Midden spreier òg virus som kan vere dødelege for bienesamfunnet. Dersom ein ikkje set i verk tiltak, kan heile kuber døy ut på grunn av varroa.
Alle kan bidra
Sel du honning eller driv med birøkt, er det viktig å følgje reglane for kontroll av varroa og melde frå til Mattilsynet ved sjukdom. Også du som ikkje har bier kan hjelpe:
- Plant bievenlege blomar
- Unngå sprøytemiddel i hagen
- Støtt lokal birøkt.
Om vi tek vare på biene, tek vi vare på naturen – og framtida vår.
Opp mot 30 prosent av den maten vi spiser er direkte eller indirekte avhengig av bestøvningen som bier gjer. Ei honningbie produserar ca ei teskje honning i løpet av sitt korte liv. For å produsere ein kilo må biene fly ein distanse som tilsvarar omtrent tre gonger rundt jorda. Tolv av artene har ikkje vore observert i Norge på 50 år, og er sannsynligvis utdøydd! Ganske mange av dei andre fins berre på nokre få stadar og står derfor i stor fare for å forsvinne heilt.
Generelt er alt som gjer at blomsterenger forsvinn, dårlege nyhender for biene, det gjeld også sprøytemidlar og klimaendringar. Biehotell, insektvennlige planter, unngå plantevernmidlar og la hagen gro, er nokre av tiltaka du kan gjere for å bidra til å redde biene og pollinerande insekt.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!