-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
Vårryddedag 16.mars! Søk motivasjonsmidlar til strandrydding innan fredag 1.mars!
Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smelter. Derfor arrangerast den nasjonale ryddedugnaden «Vårryddedagen» kvart einaste år. I år er datoen laurdag 16. mars. Vi i Fjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter. Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige. Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også! Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. marsfjordane friluftsråd oppfordrar derfor alle til å vere med på eit krafttak i ryddinga av marin forsøpling langs elver, innsjøar, strender, holmar og øyer – der du tenker at det trengs ei god opprydding etter at snøen har smelta. Om du ikkje har moglegheit til å rydde på sjølve vårryddedagen går det sjølvsagt fint å gjennomføre ryddinga før eller etter.
Som drahjelp til frivilligheita lyser Fjordane Friluftsråd også i år ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Her kan lag, foreiningar, skuleklasser og andre som gjennomfører ryddeaksjonar søke om midlar som skal dekke utgifter under aksjonen. Dette kan for eksempel vere utgifter til transport eller mat til dei frivillige.
Sprei ordet, søk om motivasjonsmidlar og bli med på ryddedugnaden du også!
Søknadsfristen for motivasjonsmidlar er 1. mars, søk her
Del på:
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.
-
Marimesse og vafledagen, 25.mars!
Frå Marimesse til vaffeldag, 25. mars har vore markert i fleire hundre år.