FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Kan du reglane for bålbrenning?

I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år

Under bålforbodet er hovudregelen at det ikkje er lov til å tenne bål, bruke bålpanner, eingongsgrill eller annan open ild i utmark. Kommunen kan likevel gje tillatelse til å tenne bål, dersom du søker om det. 

I tidsrommet til det generelle bålforbodet er det likevel tillete  å gjere opp ild/tenne bål der det openberrt ikkje kan begynne å brenne. For eksempel dersom det ligg snø på bakken, eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. Det er viktig å hugse på at gnister kan fly langt, og at sjølv om det er vått og fuktig ved bålet, kan det vere svært tørt i nærleiken.

Du har lov til å grille eller bruke bålpanne langt unna skog og utmark, så lenge du meiner det er trygt. Dette kan for eksempel vere:

  • I din eigen hage
  • Friområda til burettslag og sameige
  • Opne strandsoner som ikkje er i nærleiken av skog eller annan vegetasjon
  • Friluftsområde nær bebygging

NB: Lokalt brannvesen, kommunen og grunneigarar kan ha fastsett eigne reglar. Sjekk derfor på førehand kva som gjeld der du er.

 Les meir

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal