FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Hugs bandtvang frå 1.april

Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.

Det er populært å ha hund, men det stiller visse krav til eigaren. Ein hundeeigar skal vise aktsemd for å unngå at hundar valder skade på folk, dyr, eigedom eller ting, og skal dessuten sørge for at hundehaldet ikkje er til urimeleg ulempe for folk, miljø eller andre interesser. Reglane om bandtvang er fastsatt i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundeloven) § 6. Det er ein del unntak, for hundar i reindrift, bufehund og hundar brukt i aktiv teneste i politi-, toll-, militær- og redningsarbeid. 

Den enkelte kommune kan i tillegg etter nærmare gjevne kriteriar gje eigne forskrifter om bandtvang. Dette gjeld blant anna turstiar og vegar, skiløyper, idrettsanlegg og leir- og rasteplassar. Kommunen kan også gje forskrifter om hundehald av omsyn til alminneleg ro og orden og for å motverke forsøpling. Disse forskriftene kan finnes ved å søke på Lokale forskrifter og se på den aktuelle kommunen.

I Stryn kommune gjeld bandtvangen til 15.oktober!

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal