Ti frivilligheitpolitiske bod
Ein samla frivilleg sektor står bak dei ti frivilligheitspolitiske boda. Dokumentet gjev ei god oversikt over kva anbefalingar frivilligheita gjer til kommunen om kva som fremjar ein heilskapleg og bærekraftig frivilligheitspolitikk:1. Kjenn det frivillige livet i kommunen din
Hent inn kunnskap om dei frivillige organisasjonane. Kva driv dei med? Kva mål, ressursar og utfordringar har dei? Vil dei samarbeide meir med kommunen, næringslivet og/eller andre organisasjonar?
2. Vedta ein heilskapleg kommunal frivilligpolitikk
Inviter heile breidda av frivillige organisasjonar til dialog. Tenk på å gje plass til det frivillige livet i all kommunal planlegging. Frivilligpolitikken bør bli revurdert ved nytt kommunestyre.
3. Anerkjenn det frivillige livet sin eigenverdi
Frivillige er frie og villige – til å gjere det dei vil. Det må dei få lov til å vere, elles døyr det frivillige ut.
4. Forenkling gjev meir frivillig innsats
Tid som går til byråkrati kan nyttast på meir frivillig innsats. Gjennomfør tiltak som forenklar søknadsskriving, rapportering og kontakt med kommunen.
5. Legg til rette for eigenutvikling blant dei frivillige
Vis organisasjonane tillit og legg til rette for at dei kan nå sine eigne mål. Då når kommunen også mange av sine mål.
6. Skap dialog med dei frivillige organisasjonane
Skap faste møteplassar for organisasjonane. Rådfør dykk med dei frivillige organisasjonane. Gje kommunalt tilsette opplæring i mangfaldet blant dei frivillige, slik at dei kan invitere alle med. Hugs at frivillige ofte jobbar, så møter må vere etter arbeidstid!
7. Anerkjenn og støtt opp om verdien av frivillig innsats og deltaking
Frivillige organisasjonar er «vaktbikkja i samfunnet» og skapar mellom anna utvikling i lokalsamfunnet. Dei byggjer kunnskap og sosiale møteplassar, gjev tilhøyrsle, driv opplæring i demokrati og er helsefremjande.
8. Gje frie middel
Frie middel er ein føresetnad for at det frivillige livet kan vekse på eigne premissar.
9. Ikkje konkurrer med dei frivillige organisasjonane
Legg til rette for betre rekruttering av frivillige til organisasjonane. Ikkje «stel» dei frivillige frå organisasjonane for å utføre kommunale tiltak.
10. Skap føreseielege rammer for det frivillige livet
Føreseielege rammer skaper berekraftig drift og utvikling for dei frivillige. Eit eksempel er å legge til rette for lokale som frivillige kan nytte.
Del på:
-
Digitalt seminar for frivilligheita i Vestland
Korleis kan frivillige organisasjonar samarbeide tettare med kommunane og næringslivet? Korleis kan vi skape meir i lag, og løfte kvarandre og lokalsamfunna?
-
Lihkku sámi álbmotbeivviin!
6. februar er samane sin nasjonaldag, og er offisiell flaggdag i Noreg. Det er mange hendingar og symbol knytta til dagen..
-
No er tida for å skrive søknadar!
Vi er godt i gong med 2023, og mange lag og organisasjonar er kanskje i gong med å etablere nye styrer og planar for året? Då har vi ein god motivasjonsfaktor: tilskotsmidlar!
-
Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens?
Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 28. februar på Stryn omsorgssenter. Det er lagt opp til fem samlingar.
-
Søk om straumstøtte!
Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for ny søknadsrunde om straumstøtte. Søknadsfristen er 15. februar klokka 13.00. No kan du søke straumstøtte for perioden oktober til desember 2022.