FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Stryn fotball tilbyr gratis aktivitetsveker i sommar!

Aktiv Sommar 2023 er eit tilbod for born i Stryn kommune frå 7-12 år (født 2011-2016) i vekene 27, 28 og 29, og er finansiert av midlar frå Gjensidigestiftinga!

Det blir varierte aktivitetar både på Stryn Stadion og i området rundt. Tilbodet er med støtte frå Gjensidigestiftinga og er gratis for borna. 
Aktivitetane startar kl 09.00 og avsluttast kl 15.00 kvar dag. Det er kun mogleg for kvart born å delta på ei av vekene og i søknadsskjemaet er det mulighet for å prioritere kva veke ein vil delta i. Det er ikkje sikkert at alle får tilbod om å delta i veka som er "fyrstevalget". 


Det er begrensa antall plassar på 20 kvar veke og påmelding skjer etter "fyrst til mølla"-prinsippet. Dei som ikkje får plass vil kome på venteliste og vil få tilbod dersom nokon seier frå seg plassen. 
Om nokre dagar vil det bli sendt ut melding om de har fått plass på ei av vekene eller om de står på venteliste. Sjølv om de kjem gjennom med påmelding vil det derfor ikkje nødvendigvis bety at de har fått plass. 


Følg linken under for påmelding:

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal