FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Sparebankstiftinga inviterer til søknadskurs med fylkeskommunen!

Digitalt søknadskurs m/fylkeskommunen 27. februar kl. 1800

Sparebankstiftinga sine gratis søknadskurs har vore populære blant frivillige lag som ønskjer råd og tips om korleis ein god søknad (både til stiftinga og «alle» andre stader) ser ut – men også hos oss i stiftinga, då det er ein flott arena for oss å lære meir om aktuelle behov, trendar og utfordringar i frivillig sektor.

Tidlegare år har vi vore på hektiske «søknadsturnéar» kringom i Sogn og Fjordane i forkant av søknadsfristane. Men vi rekk naturlegvis ikkje innom alle bygder. Difor prøver vi å halde kurset digitalt denne gongen, slik at du kan delta uansett kvar du befinn deg fysisk. Vi understrekar at det uansett vil bli høve til individuelle spørsmål/samtalar om ditt konkrete prosjekt, anten i eller etter kurset.

I tillegg har Vestland fylkeskommune mange ulike støtteordningar som dei ønskjer å informere om, difor er vi veldig glade for å arrangere kurset i lag med Frank Tore Farsund Tveit frå Avdeling kultur og folkehelse i fylkeskommunen.

Kurset går av stabelen måndag 27. februar klokka 18-20.


https://www.sparebankstiftinga.no/2023/02/digitalt-soknadskurs-m-fylkeskommunen-27-februar-kl-1800/

LENKE TIL MØTET

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal