FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

No er tida for å skrive søknadar!

Vi er godt i gong med 2023, og mange lag og organisasjonar er kanskje i gong med å etablere nye styrer og planar for året? Då har vi ein god motivasjonsfaktor: tilskotsmidlar!

I februar og mars er det mange tilskotsordningar som har søknadsfrist, og det skal godt gjerast å halde oversikta over alle moglegheiter til å skaffe sitt lag eller organisasjon midlar. Eit godt hjelpemiddel er å nytte tilskuddsportalen, som Stryn kommune abonnerar på. Her finn du mange tilskotsordningar, samt tips til korleis du skriv ein god søknad. Eit anna alternativ er nettsida tilskudd.no. Stryn kommune lyser også ut ein del tilskotsordningar no i mars, så føl med på heimesida til kommunen.

Ikkje minst har bankane ulike ordningar for tilskotsmidlar. Sparebanken vest delar ut ikkje mindre enn 301 millionar kroner til allmennyttige formål i lokalmiljøa på Vestlandet. Sparebanken Sogn og Fjordane har fortløpande handsaming av mindre søknadar, medan større beløp av frist 01.mars. Sjå meir her

Sjekk Vestland fylkeskommune for midlar til blant anna driftstilskot kunst, kultur og idrett, spelemidlar, friluftsliv, inkludering og mangfald, med meir! 

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal