FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Fjordane Friluftsråd arrangerar friluftsskular i Stryn

Fjordane Friluftsråd arrangerar to friluftsskular i området i juni og august, påmelding opnar 1.april! PS- det er gratis!!

Friluftsskulen passar for barn mellom 9-13 år, og det er plass til 20 born  pr gruppe. Den første skulen vert arrangert frå 24.-26. juni og har base på Utvikfjellet, medan den andre er frå 6.-8. august, og foregår i Stryn/Blakset. 

Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen som vil foregå i ulike naturmiljø alt etter kva kommune den gjennomførast i. Vi har som mål å gje born og unge gode opplevingar i og med naturen, i tillegg til at det skal vere ein positiv introduksjon til friluftsliv med fokus på kjekke aktivitetar og leik.

Over lengre avstandar kan vi få behov for å nytte buss for å komme til ulike stader. Friluftsskulen har gjennomgåande fire hovudtema i aktivitetsopplegget. Det er fokus på rettar og pliktar i allemannsretten, orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, korleis ein finn og lagar leirplass. Til slutt er det ein tur eller ekspedisjon.

Undervisninga startar  kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte og foreldre er hjarteleg velkommen til å delta. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

Vi veit at værforholda på Vestlandet er skiftande, der vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten krev at vi har lite vind. Dagsprogramma er difor fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.

Det vert også sendt ut eit infoskriv med pakkeliste til føresette omlag ei veke før Friluftsskulen skal haldast. LES MEIR



Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal