FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Hugs å stille klokka!

Snart er det på tide å stille klokka, veit du kva veg? Og er det for siste gong?

Kvar vår kjem dagen der eit nesten samla Europa bestemmer seg for at innbyggerane har behov for ein time meir lys. Då stiller vi klokka til sommartid, før vi nokre månader seinare heller ønskjer meir søvn og stiller klokka på ny.

Som alltid stiller vi klokka fram mot sommaren - ein time fram, medan om hausten vil vi tilbake til sommaren, og stiller klokka ein time tilbake. 

Dette skjer alltid den siste søndagen i mars, og den siste søndagen i oktober. I Europa er det no berre Island som ikkje justerer klokka for sommertid.

Sommertid i 2024 begynne søndag 31. mars klokka 02.00. Då stiller vi klokka ein time fram.  

I 2018 var det spekulasjona om at EU-kommisjonen ville vedta at EU-landa sjølv kunne bestemme om ein ville nytte sommartid allereie i 2019, og mange trudde at man stilte klokka for siste gong allereie hausten 2018. Men pandemi og krig i Europa har satt arbeidet på vent, så vi må nok vente litt lenger før det kjem ei avgjerde om vi skal halde fram med sommertid og vintertid.

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal