FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

God Jul!

Kjære alle i Stryn kommune, vi ønskjer dykk ei riktig god jul, og gledar oss til eit nytt og spennande 2023!

Sjølv om Frivillegåret 2022 nærmar seg slutten, er dette berre starten på det vi håpar blir eit sterkt løft for frivillegheita i Stryn kommune framover.

Den frivillege innsatsen i Stryn kommune er allsidig, kreativ, omsorgsfull, samlande og begeistrande. Det er ingen tvil om at det frivillege livet i kommunen er bærebjelken i lokalsamfunnet vårt, og grunnmuren i all førebyggande og trivselsskapande innsats.

I 2023 ønskjer vi å bygge vidare på det gode samarbeidet som vi har, samt ta tak på nye og spennande prosjekt! 

Vi oppfordrar alle lag og foreiningar til å ha so nyttårsforsett å nytte denne heimesida. Oppdater profilane dokkar med riktig kontaktperson og kontaktinformasjon, samt grunnleggande informasjon om di foreining. Bruk også kalendaren for å synleggjere aktiviteten som de kan tilby. Vi hjelper sjølvsagt alle som ønskjer det. 

Juleklem frå Jannike Sunde og Marit Sandnes Skrede

(foto: Sigrid Heggestad, Fjordingen)

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal