FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Er du klar for vårens vakraste eventyr?

Våren er her, og tradisjon tru betyr det at alle bygder og grender oppfordrar til å gjere bygdene våre endå vakrare- nemleg dugnad!

I Olden startar dei allereie laurdag 15.april, med storrydding i heile sentrum, badestrendene og dei populære utkiksplassane. 

Kontaktutvalet i Olden og Oldedalen oppfordrar alle til å møte opp med paviljongen i Olden, og ta med seg rake, spade, traktor og det du ellers måtte ha av utstyr. Dei som ikkje kan kome denne laurdagen får ein ny sjanse 22.april. Det blir sett ut container for restavfall, bioavfall og metall på Cruiseparken begge dagane. Ta kontakt med Rune Holen på 97595102 for spørsmål. Fint om dei som kan stille med hengarar og anna tyngre utstyr kan seie får til Rune. Då veit ein på førehand kva utstyr ein har å hjelpe seg med. 

I Stryn er dugnaden sett til 29. april, og det vert lagt til rette for at lag, organisasjonar og andre frivillege i heile kommunen kan rydde rusk og rask i sitt nærmiljø. I tillegg skal Oppstryn Bondelag og Stryn Bonde- og småbrukarlag samle inn landbruksplast og stål i Oppstryn, og vil vere til stades på Mindresunde, Hjelle og i Erdalen denne laurdagen. For kontakt om dugnaden i Stryn kan ein ta kontakt med Rolf Olav Gjørven i Oppstryn bondelag for meir informasjon tlf: 976 53 572.

I Loen har dei sett av heile veka melom 24.04 og 30.04 til rydding, og målet er å rydde Loen, Rake/Oppheim og Lodalen. Det vil vere container utplassert ved Lofossen og i Bødal heile veka, og søppelsekkar, hanskar og gule vestar får du på Joker.

Innvik er datoen for vårrydding 28.04. Oppmøte kl 18 ved Vagstadbygget.  Sjå i kalendaren for meir informasjon!   

Vårryddeaksjon 24.-30. april

Dersom du ikkje har mulegheit til å rydde søppel 29. april vil det vere mogleg å levere avfall i Tenden Miljø sine containerar heile veka. Har du bruk for søppelsekkar/hanskar, kan det hentast på kommunesenteret  i Tonningsgata 4 eller på NOMIL sin gjenbruksstasjon på Svarstad. Det vil også bli  delt ut Kystlotteri-sekkar, som gjer det mogleg å delta på trekking om å vinne fine opplevingar og tur-utstyr.

Vårryddeaksjonen er samkøyrt med skulane sine ryddeaksjonar, skulane vert oppmoda om å bestille eige ryddeutstyr. Fjordane Friluftsråd kan levere søppelsekkar til både skular og barnehagar på bestilling. Hanskar må bestillast direkte frå Hold Norge Rent i år.

Håpar at alle har høve til å ta sin del av oppryddingsarbeidet i naturen vår!

Kontaktperson for ryddeaksjonen
Fjordane Friluftsråd v/Ina Linn ina.linn@friluftsrad.no

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal