FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Bli med på demenskor i Stryn!

Vi startar med øving onsdag 01.03 kl 16-1730 på "Buketten". 1. etg Stryn Omsorgssenter. Øvingane blir annakvar onsdag.

Koret er for deg som opplever å ha sviktande hukommelse eller demensdiagnose. Koret er også for pårørande! Vi avsluttar kvar øving med kaffi, kaker og sosialt samvær.

Du må kome deg til og frå øving sjølv/med følge.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Stryn kommune, Liv Jorun Bergset (Musikkterapeut), Anders Viktor Kvile (pianist), Linda Gytri (trekkspel), Stryn og Hornindal pensjonistlag. 

Påmelding ved å sende oss namn og telefonnr til Synne Marita Øverli jobb tlf 90780768.


Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal