FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

ÅRETS FRILUFTSHAPPENING FOR UNGDOM, SKJER I STRYN SØNDAG 17. MARS

No har alle ungdommar frå ungdomsskule-alder, og til og med vidaregåande, sjansen til å være med på ein randoneetur. Søndag 17. mars er dagen. Sett av datoen allereie no. Dette arrangementet er gratis, og alle kan være med.

Dagen startar på Lodgen Stryn. Vi møtast kl 09.00. Der vil alle få ein god frokost, og litt informasjon om kva som skal skje i løpet av dagen. Deretter vil ein bli frakta opp til startpunktet for randoturen. Turmålet blir bestemt ut frå vær og snø den dagen. Svein Ørjasæter blir guide men får med seg nokon hjelparar. Dei som har har årskort på Stryn Vinterski kan ta med det.

Etter turen blir det transport nedatt til Lodgen. Der blir det skikkelig god afterski stemning med pizza eller grilling, musikk og forfriskningar (Alkoholfritt, sjølvsagt). Svein fyrer og opp i badestampen og badstu, så ta med badetøy og handkle om du vil prøve det. 

Dette er eit lavterskel arrangement, som alle kan være med på. Alt er gratis for ungdommane.

Indre Nordfjord Turlag har 12 sett med randonee-ski, sko og staver til utlån. Fint om dei som har eige utstyr, eller kan låne av noken, gir beskjed om det. Her blir det først til mølla, så ikkje vent med å melde dåkke på.

Alle må ha på seg kleder som er gode nok til å være ute ein heil dag. Ta gjerne med klebytte, så ein kan ha på tørre kle om ein blir våte og svette.

Om de har tenkt til å være med på berre 1 utendørs arrangement dette året, så må det bli dette. Vi lover at vi skal gjere vårt beste for at det blir ein kjekke dag, med god stemning og mykje mestring og moro!!


meld deg på her!

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal