FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn
Lørdag 7 November
kl. 12:00 - 13:00
Stryn bibliotek
Arr: Stryn bibliotek

Møt Solveig Mork Holmøyvik og Gløymeboka

Korleis fungerer eigentleg hukommelsen? Bli med på ei spennande reise inn i hjernen når Solveig Mork Holmøyvik fortel om barneboka Gløymeboka. For barn og familiar. Velkomen!

Kva skjer eigentleg med minna våre? Kvifor hugsar vi nokre ting, medan andre blir gløymde? Og er det kanskje like viktig å gløyme som å hugse?

Bli med når forfattar Solveig Mork Holmøyvik besøker biblioteket og fortel om barneboka Gløymeboka. Gjennom ei spennande reise inn i hjernen får vi lære meir om korleis hukommelsen fungerer, kva sansane våre har å seie for det vi hugsar, og kva som skjer når vi gløymer.

Dette er eit ope arrangement for barn og familiar, og passar for alle som er nysgjerrige på kroppen, hjernen og dei mange mysteriane som finst der inne.

Velkomen til ei lærerik og morosam stund på biblioteket!

Solveig Mork Holmøyvik (f. 1986) er forfattar, redaktør og språkvitar. Ho kjem frå Nordfjord og bur i Sogn. Holmøyvik har tidlegare gitt ut sakprosaboka Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet (Res Publica, 2024). Gløymeboka er hennar første barnebok.

Lør 07.11.2026
12:00 - 13:00
Stryn bibliotek
Stryn
Stryn bibliotek
Del på

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal