FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Stryn bibliotek

Ein stad å oppleve, ein stad å vere, ein stad å låne, lese og lære.

Stryn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek. Det er folkebibliotek for Stryn kommune og skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule. Biblioteket ligg godt plassert i sentrum, på bakkeplan, i lokala til Stryn vidaregåande skule. 

Biblioteket er eit meirope bibliotek, dvs. at du kan bruke lånekortet ditt til å låse deg inn på biblioteket frå kl. 7 - 23 kvar dag heile året.

Biblioteket skal vere ein god plass å vere. Bruk biblioteket når du skal gjere skulearbeid eller når du har behov for å kople av, lese, møte vener eller berre vere åleine.

Lån frå samlinga vår med over 20 000 bøker, filmar, cd-ar, magasin og anna materiell. Det er gratis å bruke trådlaust nett, pc-ar og anna verktøy. Du betalar kun når du skriv ut eller kopierar. 

Biblioteket er ein møteplass der du kan oppleve alt ifrå verkstadar og debattar til forfattarmøte, teater og konsertar. 

Du kan få nasjonalt lånekort som gjev deg tilgang til digitale ressursar og til å nytte tenestene til andre bibliotek i landet. 


Opningstider:

Måndag: 10 - 16

Tysdag: 10 - 16

Onsdag: 10 - 16

Torsdag: 10 - 20

Fredag: 10 - 16

Laurdag: 11 - 14

Kalender

Dato Kl. Tittel Sted
27.04.2024 12:00 Familielaurdag Stryn bibliotek

Fritidsaktiviteter

Lesing

Kontaktinformasjon

99282576 / 57874880

postmottak.bib@stryn.kommune.no

strynbibliotek.no/-150052868375244

www.facebook.com/Stryn-bibliotek

Kristin Hatledal

Besøksadresse
Hegrevegen 1

Postadresse
Postboks 355
6782 Stryn

Andre opplysninger

Ant. medlemmer
0

Vipps-nummer
688817

Kategori
Kultur

Område
Stryn

Stikkord
Bøker, data, lesegrupper, lesing, språkkafe, hobby.

Sist oppdatert
20.10.2023

Rediger med kode

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal