FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn
Torsdag 5 November
kl. 18:00 - 19:00
Stryn bibliotek
Arr: Stryn bibliotek

Torsdagskringla: Språk og makt med Oddny Irene Miljeteig

Korleis formar språk makt og deltaking? Møt samfunnsdebattant og nynorskforkjempar Oddny Irene Miljeteig til eit tankevekkjande foredrag.

Foredrag med Oddny Irene Miljeteig

Korleis formar språket samfunnet vårt? Kven slepp til i den offentlege samtalen, og kven blir haldne utanfor?

I dette foredraget set samfunnsdebattant, tidlegare toppolitikar og nynorskforkjempar Oddny Irene Miljeteig søkjelyset på samspelet mellom språk og makt.

Ho har lang erfaring frå politikk, organisasjonsliv og kyrkjeleg arbeid. Det har gitt henne god innsikt i korleis språk kan skape deltaking, men også ekskludering.

Miljeteig har gjennom fleire tiår vore ei markant stemme i samfunnsdebatten, mellom anna som kommunalråd i Bergen og nestleiar i SV. Ho er i dag medlem av Kyrkjemøtet, Bjørgvin bispedømeråd og Mellomkyrkjeleg råd.

Velkomen til ein aktuell og tankevekkjande kveld i regi av Sancta Sunniva Kyrkjeakademi for Nordfjord, med Stryn bibliotek som medarrangør.



Tor 05.11.2026
18:00 - 19:00
Stryn bibliotek
Stryn
Stryn bibliotek
Del på

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2026 © Foreningsportal