Mandag
12
Oktober
kl. 11:00 - 12:00
Stryn bibliotek
Arr: Stryn bibliotek
Digitalt foredrag om KI, demokrati og sosiale medium
Korleis påverkar kunstig intelligens og sosiale medium meiningane våre, vala vi tek, og sjølve demokratiet?Korleis påverkar kunstig intelligens og sosiale medium meiningane våre, vala vi tek, og sjølve demokratiet? Professor Petter Bae Brandtzæg, ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens og digital samhandling, gir innsikt i teknologien som i stadig større grad formar måten vi får informasjon, dannar oss meiningar og deltek i samfunnsdebatten på.
Gjennom konkrete døme og aktuell forsking løftar Brandtzæg fram både moglegheitene og utfordringane som følgjer med den digitale utviklinga. Dette er eit tankevekkjande og høgaktuelt føredrag for alle som ønskjer å forstå kreftene bak skjermen og korleis dei påverkar samfunnet vårt.
Dei digitale foredraga er direkte og er i samarbeid med senioruni.no. Det er mogeleg å stille spørsmål til foredragshaldar etter foredraget er over. Vi serverer kaffe og sjokolade/kjeks