FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Søk midlar frå Tussa! Frist 15.januar

Tussa samarbeidar med idrettslag, skisenter, festivalar, kor, korps og ei rekkje andre frivillige organisasjonar, for at bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøkje.

Kvart år mottek om lag 200 lokale lag og organisasjonar sponsormidlar frå Tussa. Sponsormidlane blir fordelte etter prinsippet om å gi litt til mange, i staden for å vere hovudsponsor for nokre få.

Desse støttar vi:

  • Hovudsakleg frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet for barn og ungdom
  • Aktiviteten må gå føre seg i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stryn og/eller Stranda
  • Aktiviteten skal treffe mange
  • Tiltak som legg vekt på miljø og berekraft vil bli prioriterte

Vi støttar ikkje:

  • Bygging eller oppussing av bygg eller andre anlegg, til dømes kunstgrasbaner, idrettshallar eller turvegar
  • Enkeltpersonar og enkeltpersonar sine prosjekt
  • Aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar
  • Religiøse eller politiske organisasjonar
  • Skuleturar/studiereiser

Søknadsfrist for sponsormidlar i 2024 er 15. januar 2024.
Tildeling av midlar er i februar/mars 2024.


Les meir og søk her

Flere dokumenter

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal