FORENINGSPORTAL Foreninger i Stryn

Inkludering og integreringsfremjande tiltak! Frist 1.mars

Målet med tilskotsordninga frå Vestland fylkeskommune er å stimulere til brei samfunnsdeltaking og å bygge ned hinder som stengjer for dette. Ordninga skal bidra til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar.

Prioriteringar og vurderingar

Vi prioriterer integreringsfremjande tiltak, og då særleg tiltak og prosjekt som ikkje naturleg fell inn under tilskotsordningane til andre fagavdelingar i fylkeskommunen. Vi vurderer tiltak som når personar med fleire minoritetsstatusar særleg positivt.

Det er positivt om søkjarar kan vise til samarbeid med andre aktørar og/eller på tvers av fleire fagfelt. Søkjar må vere fylkesdekkande, eller i det minste dekke store delar av fylket (regionalt nedslagsfelt).

Relevante vurderingspunkt

  • Regionalt nedslagsfelt
  • Tverrfagleg fokus
  • Samarbeid med andre aktørar
  • Samfunnsdeltaking
  • Motverke utanforskap
  • Variasjon i tilbod og aktivitetar
  • Kunnskap om, og respekt for ulike kulturar
  • Bygge opp under fylkeskommunens mål
  • Integreringsfremjande
  • Nå dei med fleire minoritetsstatusar

Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå avdelingsdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan fire veker etter søknadsfristen.

Kven kan søke?

  • Offentlege verksemder
  • Organisasjonar i privat sektor med relevant fagekspertise
  • Frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligheitsregisteret

Ein kan søke om tilskot einskildvis eller i samarbeid med andre.

Dette må sendast inn til fylkeskommunen

Søknaden skal innehalde:

  • Informasjon om søkjar
  • Skildring av prosjektet
  • Målgruppe for prosjektet
  • Korleis ein skal nå målgruppa
  • Korleis arbeidet er planlagt gjennomført
  • Eventuelle samarbeidspartar – korleis tek dei del i prosjektet?
  • Budsjett og finansieringsplan
  • Forventa resultat/målsetting
  • Eventuelle tidlegare resultat
  • Geografisk nedslagsfelt (når prosjektet innbyggjarar i fleire kommunar?)

Vedlegg som må sendast inn:

  • Godkjend årsrekneskap
  • HMS-erklæring
  • Attest for skatt og meirverdavgift som ikkje er eldre enn 6 månadar gammal ved søknadsfristen.

Søknaden skal underteiknast av leiar eller generalsekretær for verksemda.

Flere dokumenter

Nyttige lenker

Kontakt

Sosiale media

2024 © Foreningsportal