Vil du vere med å danne helselag i Stryn kommune?
Brenner du for gode møteplassar og god helse?Nasjonalforeininga for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeiningar over heile landet. Våre mål er å fremje folkehelsa, finansiere forskning på hjarte- og karsykdommer og demens, og organisasjonen er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande. Nasjonalforeininga for folkehelse jobbar for aktuelle og fremtidsretta oppgåver som har betydningen for folkehelsa. Innsatsen vert finansiert med innsamla midlar og gåver.
Fylkeslaget ønskjer seg fleire lokallag i Sogn og Fjordane, og etterlyser ildsjeler i Stryn kommune som kan tenke seg å arbeide målretta med helsefremming. Målgruppa er både barn og eldre, demente og pårørande.
Sjekk ut Gloppen Helselag for å sjå kva dei gjer her: https://www.facebook.com/GloppenHelselag
Og heimesida til Nasjonalforeininga for folkehelse si nettside her: https://nasjonalforeningen.no/
Dersom du er interessert i å bli med i ei slik forening ta kontakt med jannike.sunde@stryn.kommune.no
Del på:
-
Frivillegheita sin dag!
5. desember er FNs internasjonale dag for frivillegheit!
-
Inkluderingsfond skal hindre fråfall i fritidsaktivitetar
Vestland idrettskrets og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit eige inkluderingsfond, der du kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr via den lokale klubben eller idrettslaget ditt. Målet med fondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.
-
Kvifor feirar vi Halloween?
Visste du at markeringar knytt til natt til 1. november er ein av dei eldste heidenske tradisjonane vi har?
-
Hjarte for lokalsamfunnet, og feiring av frivillege!
Torsdag 19. oktober delte Sparebanken Vest ut 1 million kroner til lag og foreiningar i Stryn, og toppa det med den eine artisten etter den andre som underhaldt ein full Strynehall!
-
Årets utlysing for inkludering av barn og unge er klar!
Søk BUFDIR- midlar innan 03.11.2023!