-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Vestland fylkeskommune delar ut frivilligpris!
Veit du om nokon som utmerker seg med frivillig innsats til beste for medmenneska og samfunnet i Vestland? Fristen for å nominere er 15. september.Vestland fylkeskommune deler ut frivilligprisen for andre gong. I fjor gjekk prisen til Turboklubbane i Bergen og Hordaland turlag, for innsatsen dei gjer for berekraftig friluftsliv for barn. No er vi på jakt etter ein ny, verdig prisvinnar.
Frivilligprisen er på 50 000 kr, som skal brukast innan frivilligfeltet. Prisvinnaren avgjer kvar.
Prisen kan gå til ein person, organisasjon, ei gruppe eller foreining. Den eller dei som får prisen bør vere rollemodellar, førebilete og til inspirasjon for andre. Prisen kan ikkje gå til ein offentleg aktør. Målet med frivilligprisen er å motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita i Vestland. Han skal vere med og auke statusen til, interessa for og merksemda om frivillig arbeid.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!