-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Vårryddeaksjon
Bli med på årets vårryddeaksjon! 🌿♻️ Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd inviterer alle til å delta i vårryddeaksjonen 2025! Vi håpar lag, organisasjonar og enkeltpersonar vil vere med og gjere ein innsats for eit reinare og trivelegare nærmiljø.Korleis deltar du?
Samle inn herrelaust restavfall og legg det i ein av containerane merka «Vårryddeaksjon» (sjå plassering nedanfor). Privat avfall, elektronisk og farleg avfall skal ikkje kastast i containerane. Har du spørsmål, kontakt Fjordane Friluftsråd på tlf. 948 00 969.
📍 Containerar er plasserte frå fredag 4. til torsdag 24. april på desse stadene:
✔ Kai ved Utvik Marina
✔ Parkering ved Strynehallen
✔ Gamlebrua, Lofossen
✔ Bødal ved infotavle
✔ Sunde Auto
✔ Brenja Samdrift
✔ Parkering ved Innvik fruktlager
✔ Buda, Hjelledalen
✔ Fotballbana ved skulen, Storesunde
✔ Bussparkering ved nasjonalparksenteret
✔ Grusplass ved Sagedammen
✔ Parkering ved skulebygget i Randabygda
🧤 Treng du hanskar og sekkar?
Du kan hente utstyr på kommunesenteret, 3. etasje i Tonningsgata 4.
📅 Opningstider: Måndag–fredag kl. 09:00–15:00
💬 Kontaktperson i Stryn kommune:
Eivind Evebø
📧 eivind.evebo@stryn.kommune.no
📞 Tlf: 57 87 47 00
Bli med og gjer ein forskjell for miljøet! 🌎💚
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!