-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Torsdag 5.september er det møte om friluftsliv i Stryn kulturhus
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd ynskjer å invitere lag, organisasjonar og bedrifter med fokus på friluftsliv til eit møte. Der ynskjer vi å drøfte problemstillingar og moglegheiter knytt til friluftsliv og tilrettelegging av turvegar/stiar i Stryn kommune, med særleg fokus på prosjektet Friluftslivets ferdselsårer.Tidspunkt: kl 19-21
Stad: Stryn Kulturhus (mest truleg tingsalen. Dette avhenger av kor mange vi blir)
Deltakarar: Representantar frå kommunen, Fjordane Friluftsråd, idrettslag, bygdelag, reiselivsbedrifter, evt. fylkeskommunen og nasjonalparken.
Føremål: Etablere eit kontaktpunkt mellom dei ulike aktørane og styrke samarbeidet.
Agenda:
- Velkomen og introduksjon – Eivind Evebø
- Presentasjon av prosjektet Friluftslivets ferdselsårer – Anna Kobeltvedt
- Kort orientering om Stikk UT! i Stryn kommune – Jan Erik Hansen
- Presentasjon av prosjektet På tur i Oppstryn? – Olav Auflem (førebels uavklart)
- Drøfting/dialog kring spørsmål som:
- Kva utfordringar møter de på ved tilrettelegging av turvegar- og stiar?
- Kvar er det behov for tiltak, og kva tiltak er det behov for?
- Korleis kan vi unngå for stor slitasje på stiane?
- Korleis bør vi går fram med «marknadsføring» av turar/aktivitetar for å unngå for stor pågang/slitasje?
- Korleis kan kommunen og frivillige lag/organisasjonar styrke samarbeidet knytt til friluftslivet i kommunen?
- Eventuelle innspel til planforslaget knytt til Friluftslivets ferdselsårer, osv.
Vi håpar på godt oppmøte og ein god dialog. Det er kjekt om de kan melde tilbake til meg om de tenkjer å stille. For at det ikkje skal bli ei for stor forsamling avgrensar vi det som sagt til 1-2 representantar per lag/organisasjon. Dersom de ikkje lenger er leiar eller engasjert i bygdelaget/idrettslaget er kontaktinformasjonen min utdatert. Eg håpar de då eventuelt kan vidaresende til rette vedkomande, eller sende kontaktinformasjon til meg.
Vel møtt!
Med helsing
Eivind Evebø
Sakshandsamar miljø
Avdeling berekraft og næring
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!