Søk om straumstøtte!
Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for ny søknadsrunde om straumstøtte. Søknadsfristen er 15. februar klokka 13.00. No kan du søke straumstøtte for perioden oktober til desember 2022.Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.
Ordninga gjeld for:
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare
søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore 80 prosent. For desember kan også Midt-Norge (NO3) og Nord-Norge (NO4) søke om støtte.
Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga.
Kven kan søke?
Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke, og desse organisasjonane har rett til å søke:
• Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Vi oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrere seg.
• Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret,
der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
• Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret:
Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner vi menneske som bidrar utan løn eller anna form for
økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats. Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her.
Del på:
-
Digitalt seminar for frivilligheita i Vestland
Korleis kan frivillige organisasjonar samarbeide tettare med kommunane og næringslivet? Korleis kan vi skape meir i lag, og løfte kvarandre og lokalsamfunna?
-
Lihkku sámi álbmotbeivviin!
6. februar er samane sin nasjonaldag, og er offisiell flaggdag i Noreg. Det er mange hendingar og symbol knytta til dagen..
-
No er tida for å skrive søknadar!
Vi er godt i gong med 2023, og mange lag og organisasjonar er kanskje i gong med å etablere nye styrer og planar for året? Då har vi ein god motivasjonsfaktor: tilskotsmidlar!
-
Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens?
Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 28. februar på Stryn omsorgssenter. Det er lagt opp til fem samlingar.
-
Handle lokale råvarer utan fordyrande mellomledd? Eller selje eigenproduserte varer enkelt?
Vil du handle god, kortreist mat frå ditt område? REKO-ringen er ein omsetningskanal for lokalprodusert mat - direkte til deg frå bonde og mathandverkar. REKO står for REttferdig KOnsum, og her gåt 100% av salssummen til produsenten.