-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Ramsløksesong, men kvar kan du plukke?
På Vestlandet, Sørvestlandet og Sørlandet er det rikeleg av ramsløken, men likevel kan ein ikkje plukke overalt. Er området freda er det forbode å plukke ramsløk på same måte som andre plantar og tre i fredningsområder.For å vere sikker på om du kan plukke plantar i området, kan du sjå etter fredningsskilt, eller sjekke ut artsdatabanken
Ramsløk har liknande innhaldsstoff som kvitløk, og blir då også kalla Nordens kvitløk. I tidlegare tider vart det rekna som uheldig å ha ramsløk i beiteområde fordi det kunne gje løksmak på mjølka. Blada bør brukast før planten går i blomst.
Sjølv i ei rik li med ramsløk på Vestlandet, er det nokre reglar du bør følgje:
- Lat det alltid stå att nokre plantar.
- Ikkje dra opp plantane med løk og rot. Det er blada som smakar.
- Er det andre som alt har plukka der, finn ein annan stad.
- Ikkje plukk meir enn du treng.
- Trø forsiktig, ramsløk veks ofte i slitesvak skogbotn.
- Lær deg å sjå skilnad på ramsløk og liljekonvall. Sistnemnde er giftig.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!