-
Tome lokalar skal fyllast med liv og leven!
Dei tome lokala i Olden bygdetun (tidlegare helsetunet) fortenar meir enn å stå tome. Dette tenker elevar på Olden skule å gjere noko med, og inviterar alle som vil til å vere med å bidra!
Inkluderingsfond skal hindre fråfall i fritidsaktivitetar
Vestland idrettskrets og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit eige inkluderingsfond, der du kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr via den lokale klubben eller idrettslaget ditt. Målet med fondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.Det er banken sin største eigar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som i samarbeid med Vestland idrettskrets har lansert inkluderingsfondet. Sparebankstiftinga har i første omgang tildelt 1 million kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og har signalisert at dei vil supplere fondet dersom det vert behov for det.
Slik fungerer det:
- Idrettslag/organisasjonar søker om midlar frå fondet via søknadsportalen.
- Frivillige lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid kan søke om støtte frå inkluderingsfondet.
- Familiar søker om støtte hos sine lokale idrettslag/organisasjon.
- Fortløpande søknadsfrist og behandling av søknader
Med omsyn til personvern og risikoen for stigmatisering er det viktig at det blir innarbeidd gode retningslinjer og praksis for korleis ein handterer ei slik ordning. Det er ofte trenarar, instruktørar og hjelpeapparat som er best til å vurdere behovet og tettast på til informere foreldre i målgruppa om korleis ein kan få hjelp til å dekke kostnader til aktiviteten barna er med på. Ordninga vil i hovudsak vere tillitsbasert. Det vil mellom anna bli brukt tilgjengeleg statistikk for å vurdere behovet når søknader frå lag og foreiningar skal handsamast.
Inkluderingsfondet
- Samarbeid mellom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vestland idrettskrets.
- Skal hindre fråfall i idretten og fritidsaktivitetar.
- Sjekk med klubben din om dei har søkt om midlar.
- Idrettslag og frivillige organisasjonar søker om midlar via søknadsportalen hos stiftinga.
Del på:
-
Samarbeid om markering av verdsdagen for psykisk helse
Velkommen til ope møte i Triangelen 24.09 kl 19-21!
-
Torsdag 5.september er det møte om friluftsliv i Stryn kulturhus
Stryn kommune og Fjordane Friluftsråd ynskjer å invitere lag, organisasjonar og bedrifter med fokus på friluftsliv til eit møte. Der ynskjer vi å drøfte problemstillingar og moglegheiter knytt til friluftsliv og tilrettelegging av turvegar/stiar i Stryn kommune, med særleg fokus på prosjektet Friluftslivets ferdselsårer.
-
Skarsteinsetra opp, 7. september!
Om du springe, syklar, går eller trillar er du velkommen til å delta på årets begivenhet Skarsteinsetra opp i Olden, arrangert av Olden Idrettslag.
-
Nytt liv i Stryn Ungdomslag!
Unge krefter har engasjert seg i Stryn ungdomslag, og har allereie store planar!