-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Hugs valdagen 11. september
Her er stadane og tidene du kan røyste på valdagen:Nordsida skule kl 15.00 – 19.00
Loen Bygdehus kl 15.00 – 19.00
Olden Bygdetun kl 13.00 – 19.00
Oppstryn skule kl 15.00 – 19.00
Strynehallen kl 11.00 – 20.00
Styrkhallen, Innvik kl 13.00 – 19.00
På valdagen må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2023. Du kan røyste i kva som helst vallokale i kommunen. Ta kontakt med en valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste.
Hugs gyldig legitimasjon!
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste.
Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.
Godt val!
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!