-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Hugs å stille klokka!
Natt til søndag 27.10 skrur vi klokka tilbake ein timeEin hugseregel mange brukar for kva veg vi skal stille klokka er at vi tek hagemøblane fram om våren og setter dei tilbake om hausten. Andre seier at vi ønsker oss tilbake til sommaren om hausten, og at vi lengtar fram mot sommar om våren.
Omtrent 60 % av landa i verda brukar ikkje sommartid. Det betyr at dei brukar det som vi kallar vintertid, men som dei ofte kallar standardtid eller normaltid, heile året. Fordi skilnaden på dagens lengde er så liten i områda ved ekvator, er det vanleg at tropiske områder kun brukar standardtid.
Sommartid vart innført for å utnytte dagslyset betre. Ideen er å flytte klokka fram ein time om våren, slik at vi får meir lys på kveldane, noko som kan bidra til redusert energiforbruk og gje folk meir tid til utandørsaktivitet.
Opprinnelig vart sommertid implementert under første verdskrig for å spare energi. I dag er det framleis debatt om det faktisk gjer betydelege fordeler, og nokon stadar har ein begynt å vurdere å avskaffe det heilt.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!