Hjarte for lokalsamfunnet, og feiring av frivillege!
Torsdag 19. oktober delte Sparebanken Vest ut 1 million kroner til lag og foreiningar i Stryn, og toppa det med den eine artisten etter den andre som underhaldt ein full Strynehall!Sparebanken Vest feira 200 år, og tok med frivillege og familiar med på festen! Juryen måtte velje mellom 71 søkjarar, og landa på 11 mottakarar. Det var mange av bygdene i kommunen som vart tildelt midlar, som skal gå til aktivitet med variert innhald.
Desse vart tildelt midlar:
Temakafe kreft Stryn: 35.000 kroner
Olden idrettslag: 40.000 kroner
Vaksne for barn- Indre Nordfjord: 40.000 kroner
Stryn Frivilligsentral: 50.000 kroner
Stryn KFUK/KFUM speidarar:50.000 kroner
Vikane Røde Kors: 75.000 kroner
Fjelli ungdomslag: 85.000 kroner
Stryn svømmegruppe avd. ST&IL: 100.000 kroner
Oppstryn IL: 100.000 kroner
Loen Bygdehus: 100.000 kroner
Stryn Turn & Idrettslag: 325.000 kroner
Tusen takk til Sparebanken Vest for at de feirar frivilleg innsats i Stryn kommune!
Biletet er lånt av Reidar Nesje og Strynavis.
Del på:
-
Frivillegheita sin dag!
5. desember er FNs internasjonale dag for frivillegheit!
-
Inkluderingsfond skal hindre fråfall i fritidsaktivitetar
Vestland idrettskrets og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit eige inkluderingsfond, der du kan du søke om midlar til å dekke for eksempel treningsavgift og utstyr via den lokale klubben eller idrettslaget ditt. Målet med fondet er å hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.
-
Kvifor feirar vi Halloween?
Visste du at markeringar knytt til natt til 1. november er ein av dei eldste heidenske tradisjonane vi har?
-
Årets utlysing for inkludering av barn og unge er klar!
Søk BUFDIR- midlar innan 03.11.2023!
-
Årets Frivilligpris er kåra!
Frivilligprisen er delt ut for året 2023 til Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen