-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.8. mai 1945 vart Noreg fritt etter fem års okkupasjon under andre verdskrig. Sidan har vi feira frigjeringsdagen kvart år. Vi brukar denne dagen til å glede oss over eit fritt og demokratisk Noreg og samtidig hylle alle dei– motstandsfolk, krigsseglarar og sivile– som tok opp kampen mot okkupantene.
Sidan 1945 har over 100 000 nordmenn tenestegjort i rundt hundre internasjonale operasjonar for fred og stabilitet verda over. I 2011 etablerte regjeringa veterandagen. Denne vart samkjørt med frigjeringsdagen, som fekk namnet frigjerings- og veterandagen.
I år markerar Stryn kommune veterandagen med arrangement i Oppstryn og Stryn kulturhus:
Oppstryn kyrkje kl 17:00
• Markering ved minnesteinen over dei falne i krigen
• Musikalsk innslag ved Anders Viktor Kvile
• Kransenedlegging
ved leiar NVIO Sogn og Fjordane Jan Kai Torvanger
• Tale ved varaordførar Sonja Øvre-Flo
• Musikalsk innslag
Stryn kulturhus kl 18:00-20:00
Velkomen ved Stryn kommune
• Innlegg om Rasmus Hatledal, sjef for Generalstaben 9. april
ved Inge Fænn
• Kulturelt innslag
• Presentasjon av Veteranplanen ved Nils Petter Hauge
• Konferansier: Nils Petter Hauge
• Mingling, kake og kaffi i foajeen kl 19.00
• Gratis arrangement i Storsalen
• Alle velkomne!
• Veteranar med familiar er særskilt inviterte
8.mai er også den internasjonale Røde Kors dagen, etter grunnleggaren Henry Dunant sin fødselsdag.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!