-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Godt nytt år!
Vi ønskjer å takke for eit aktivt og innhaldsrikt 2023, og ser fram til eit minst like spennande 2024!I 2023 var endeleg det frivillege livet tilbake i normal gange, uten å vere prega av korona og restriksjonar. Barn og unge har fått tilbake rutiner og fritidsaktivitetar, og dei fleste lag og organisasjonar kan tenke på planlegging og rekruttering framfor smittevern. Det har vore arbeida med frivillegpolitikk og inkludering i løpet av 2022, og nye aktivitetstilbod har sett dagens lys. I oktober var det stor folkefest i Strynehallen då Sparebanken Vest delte ut ein million kroner til ulike lag og foreiningar i Stryn. I tillegg har også andre bankar, stiftingar og fond delt ut av sine overskot til glede for innbyggarar i kommunen vår.
Vi i "istryn" håpar at engasjementet blir med vidare inn i det nye året, og at ein søker midlar for å vidareføre aktiviteten til 2024. Tilskotsordningar kan du finne på tilskuddsportalen.no, eller på denne nettsida under fana "Tilskotsordningar". Og har du kanskje blitt inspirert til å bli frivilleg? Det fins alltid behov for din kunnskap eller eigenskapar, både smått og stort. Ta gjerne kontakt med frivilligsentralen i Stryn for å bli kopla på ei foreining, eller få tips dersom du vil starte opp noko som ikkje allereie fins. På denne nettsida kan du også sjå kva lag og organisasjonar som fins i kommunen vår.
Vi oppfordrar alle som er med i ein organisasjon, og har arrangement i løpet av året, om å oppdatere profilen sin og nytte aktivitetskalenderen på istryn.no. Denne nettsida er ein nyttig ressurs for nye innbyggarar i kommunen som ønskjer å gjere seg kjent med kva aktivitetar lokalsamfunnet kan tilby. Det er også ein viktig portal for dei som ønskjer å bli frivillege, eller bidra inn mot eit lag eller ei foreining. Ved å bruke aktivitetskalenderen kan ein også unngå at populære aktivitetar blir arrangert på same tid.
Då gjenstår det berre å seie takk for det gamle året, og lukke til med alle små og store aktivitetar og arrangement i 2024!
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!