-
No kan endå fleire reise med bestillingsbuss!
Frå 23. juni kjem nye bestillingstilbod i delar av Nordfjord. Her finn du oversikt over kva tilbod Stryn får med Skyss Bestilling.
Frivillegheita sin dag!
5. desember er FNs internasjonale dag for frivillegheit!Takk til alle frivillege i Stryn kommune! Takk til deg som trenar, køyrer, kokar og finn juletre til glede for bygda di. Til deg som finn fram nissedrakta på arrangementet for barn og unge. Til deg som øver, spela og synge. Til deg som bakar, strikkar og syr. Takk til alle som set fram stolar og bord, ryddar dei på plass igjen, måkar og strør. Og takk til deg som held orden i reknskapen. Takk til alle som står på, ute, inne, dag og natt, om det er ein gong, eller kvar veke heile året. Takk til deg som er frivilleg åleine, og til dokke som er ein heil gjeng.
Takk for at dokke bidrar til aktivitet, glede og tryggleik i bygda.
Del på:
-
Søk støtte til inkluderande møteplassar – tilskotsordning frå Stryn kommune
ålet er å tilby aktivitetar som fremjar helse og livskvalitet, og å styrkje samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester.
-
Kulturdag på Nordsida
Velkomen til ein heilt spesiell dag ved vakre Sagedammen, der den tradisjonelle kulturdagen vert feira med kunst, fellesskap og musikk for heile familien!
-
Sommarskule med fokus på kunst og handverk
I veke 32 og 33 for deg mellom 10-14 år!
-
Vareniki- dag i Ulvedal
Har du lyst til å lære å lage ekte ukrainske dumplings – vareniki – med potet og løk? Bli med på en koselig og uformell matopplevelse ved vakre Sagedammen i Ulvedal!